DATO: Tysdag 25. juli
TID: 18.00- 21.00
STAD: Solidaritetshuset, 4. etasje, Osterhausgate 27
26. juni vart Støttenettverket for afghanske asylsøkere stifta som ein formalisering og vidareføring av solidaritetsarbeidet under sveltestreiken utafor Domkirka. I vekene etter dette møtet har arbeidet vårt kome godt i gang. Grupper arbeider med ulike oppgåver,
som å arrangera demonstrasjonar og konsertar, og me har etablert eit
kontor i Solidaritetshuset i Osterhaus gate 27 der det er stor
aktivitet.
No er det på tide med eit nytt, stort møte der me kan diskutera det vidare
arbeidet og legga planar for tida framover. Under fylgjer forslag til
dagsorden, send gjerne forslag til nye punkter.
FORSLAG TIL DAGSORDEN:
1) Godkjenning av dagsorden, møteleiar og referent
2) Informasjon om arbeidet til no frå dei ulike gruppene
3) Kort informasjon frå Nettverk mot statlig rasisme om deira
erfaringar med nettverksbygging
4) Diskusjon i plenum om støttenettverket sitt arbeid i framtida.
Framlegg til spørsmål og områder som kan diskuterast:
- Kva oppgåver står me ovanfor no? Kva skal me prioritera? Kva slags
strategi skal me legga?
- Korleis kan nettverka fungera best mogleg? Kva slags struktur bør
det ha? Kva rolle skal stormøta og koordinasjonsgruppa ha? Korleis kan
me sikra at viktig informasjon kjem ut til alle i nettverket?
- Kva er støttenettverket si rolle i høve afghanarane? Kva er våre
oppgåver og kva er felles oppgåver?
Vel møtt!
For koordinasjonsgruppa, Mari Fjeldstad